ALKOHOL: Det er eit udiskutabelt faktum at det er ein sterk samanhang mellom pris, lett tilgang og alkoholbruk, skriv Robert Seth.

Alkohol , logikk, politikk

I samband med julebordsesongen har politiet alt vore ute med sine åtvaringar, når det gjeld trafikken. Det er ei kjensgjerning at mange liv har gått tapt, på grunn av ein sjåfør som kom frå julebord. For ikkje mange dagane sidan, sat eg saman med ein kjenning. Han og kona hadde vore innbeden til ei festsamkome fleire gonger, men no syntes dei at det meir og meir blei ei flau forestilling.

Kunnskapen om at alkoholen er hovedårsaka til dei sosiale problema i vårt land, skulle no vera velkjend. For fleire år sidan vart det rekna med at alkoholrelaterte skader og sjukdomar kosta det norske helsevesen 20 milliarder per år. Helsevesenet er pressa og sterkt stressa. Alle politiske parti vil gjerne vera den beste på helse- og eldreomsorg.

Det er eit udiskutabelt faktum at det er ein sterk samanhang mellom pris, lett tilgang og alkoholbruk. Sjølv om ein del politikarar ikkje vil innsjå dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Til vanleg vil kunnskap og erfaring danne grunnlag for praktiske tiltak, slik er i alle høve næringslivet oppbygt. Og med tanke på dei enorme samfunnsmessige skade, alkoholen og narkotika er årsak til, vil det vera logisk å spørja kva som kan gjerast for å demme opp for desse skadane. – Det er vel ei kjensgjerning at det er alkoholen som fører inn til dei sterkare narkotiske stoffa.

Forfattar av denne artikkelen har nyleg fylt 92 år, har alltid vore fråhaldsmann. Det har vore ei stor glede. Ein mann spurde meg ein gong: «Har du ikkje hatt ein liten ‹knert› då»? Eg måtte skuffe han.

No kan du nok tru at eg er ein gammal gubbe som har rusla rundt det gamle kvernhuset, der naboguten og eg, fekk varmt havremjøl frå bestefaren hans.

Eg vart aktiv politikar i 1945, og melde meg då inn som medlem av KrF, og der har eg vore sidan. Men eg hyllar ikkje dei som er «høgt på strå» i partiet når dei hevar vinglaset saman med dei andre i festleg lag. Vi treng i dag politikarar som er tøffe nok til å oversjå fleipen og trakasseringa fordi ein seier «nei» til alkoholbruk. Mi eiga røynsle er at eg ikkje har møtt trakassering eller fleip, men heller respekt.

Det er politikarane som tildeler skjenkerettar, utsalsløyve med meir. Både kommunestyre, Storting og Regjering har eit overordna ansvar. Det er nærmast ein naiv alkoholpolitikk noverande Regjering legg opp til. Den bør få eit rungande nei i Stortinget.

Dette blir mitt siste innlegg i media, når det gjeld alkoholpolitikken.

Les også
Kjære mermenneske
Les også
Grinderud feirer julestengt pol
Les også
Julemoral
Les også
Måtehold og avhold
Les også
Økning i ølsalget - både med og uten alkohol