| Kommentar
Alexander Sørloth sakna dottera midt i triumfen. Er han ein ny Terje Vigen?
Ibsens forblåste sjøhelt er stadig like aktuell i 2025, og kastar lys over vår noko fastgrodde festkultur.
EDRUELEG: Å slå Italia på heimebane krev fullt fokus. Etterpå krevst det festing av eit visst merke.
Lise Åserud / NTB
San Siro, Milano, 16. november 2025. Ikkje det at Italia for tida er slikt eit referansepunkt for kvalitet i internasjonal fotball.
Og likevel. Italia-Noreg 1–4 vart som ein euforiens prøverakettoppskyting. Neste sommar kan vi sikta endå brattare mot fotballens mytiske stjernehimmel.
Måten det skjedde på, lagånda, kjensla av forløysing. Deilig lefling med den no halvforbodne kjensla av nasjonalt samhald.