| Kommentar
Åge Hareide. For ein mann!
Han får ikkje trena fleire landslag. Men då sjukdomen takla han knallhardt tok han verkeleg ein for laget.
SÅRBAR: Fotball-legenda Åge Hareide sto nyleg fram og fortalde om livet med ein brutal diagnose. Det er meisterskap på eit heilt eige nivå.
Carina Johansen / NTB
* Kommentaren ble publisert i november 2025 da det ble kjent at Åge Hareide (72) var alvorlig syk. Kvelden 18. desember døde den kjente fotballspilleren og treneren.
Måndag vart detaljane rundt Åge Hareides alvorlege sjukdom kjende. Ein av Noregs aller fremste fotballprofilar fekk i sommar ein brutal diagnose.
72-åringen har vore mannen bak bragder på banen og triumfar frå trenarbenken. Han har sprudla i studio og sympatisk knegga ved kvart eit komisk oppspel.