| Leder
Aftenpostens framside og aktivismens sanne ansikt
Sinnet over ei kløktig avisframside minner om at det finst ein dobbeltstandard for medkjensle med israelarar.
FRAMSIDA: Ein interessant case for kva føresetnader medmenneskelegdom skal ha – og om det finst ein særskilt standard for medkjensle med israelarar.
Faksimile
Måndag 13. oktober 2025 vil for alltid vera ein merkedag. Først og fremst for dei overlevande gislane sjølv. Men også for familiane deira. I vanvittige 737 dagar levde dei i eit vedvarande mareritt. Deira nære og kjære hadde blitt førte bort som slaktedyr under kaotiske og totalt vilkårlege omstende.
Også datoen det skjedde, sit etsa fast i menneske verda over. 7. oktober 2023.
Etter sin usynlege kamp i tunnelmørkret til Hamas, fekk dei endeleg koma opp igjen i lyset og heim att til sine. Det er eit slags mirakel. Eit håpsteikn.