Å vandra audmjukt med Gud

Å kor godt og vakkert det er når brør lever i fred og forsoning med kvarandre!

Kjenner du nokon som liker å vera i lag med folk som er stolte, arrogante eller hovmodige? Eg kjenner ingen som liker å vera i lag med slike menneske!

Vi liker ikkje å møta desse haldningane og den oppførselen dei fører med seg. Det er noko inni oss som reagerer når vi møter arroganse og hovmod hjå andre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje like lett å avsløra slike haldningar hjå oss sjølve. Kanskje det til og med er vårt eige hovmod som blir såra, når vi møter hovmod hjå andre?

I den siste tida har eit ord frå profeten Mika 6,8 arbeidd med meg: Åvandra audmjukt med din Gud. Eit liv i rettferd og kjærleik byggjer på eit audmjukt liv med Gud.

Å vera audmjuk blir ofte sett på som noko lågt, ynkeleg, krypande, veikt og forakteleg. Det er lite «macho» å vera audmjuk.

Det kristne trua lyftar likevel det å vera audmjuk opp og set det på heidersplassen. Audmjukt er eit skattkammer som rommar alle andre dydar. Eit audmjukt hjarte er grobotn for alt som er rett og godt.

Kva vil det eigentleg seia å vandra audmjukt med vår Gud? For det første handlar det om ein relasjon mellom meg og Gud. I denne relasjonen er vi ikkje likeverdige partnarar. Gud er heilag, rettferdig og fullkomen.

Ingenting ved oss menneske er fullkome. Vi er uverdige og avhengige av Guds nåde og miskunn. Når vi har møtt ein nådig Gud, vil dette visa seg i korleis vi møter våre medmenneske.

Vi treng å læra av Jesus å vera milde og mjuke i hjartet (Matt 11,29). Å vera audmjuk er ei hjartehaldning. Eit audmjukt hjarte vil sjølvsagt gje seg synlege utslag i livet vårt. Vi får eit audmjukt hjarte når vi lever nære Gud og vandrar med han.

Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke får nåde (Jak 4,6). Hovmod fører menneske til fall, men den audmjuke vinn ære (Ord 29,30).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Å vera audmjuk er vegen til ære og føre ære går audmjukt sinn (Ord 15,33; 18,12). Kjem hovmod, kjem skam, men dei audmjuke følgjer visdom (Ord 11,2).

Det er med andre ord klokt å vera audmjuk. Gud frelser dei audmjuke, dei som slår auga ned (Job 22,29).

Han tek seg av og bur hjå dei som er nedbøygd i ånda (Jes 57,15). Å vera audmjuk er å kjenna seg hjelpelaus og fattig i ånda.

Når vi er på den plassen, er himmelriket vårt (Matt 5,3). Herren høyrer kva dei audmjuke og hjelpelause lengtar etter og han stør deira hjarte (Sal 10,17).

I vår postmoderne tid med mange meiningar og sterkt fokus på folk sine individuelle opplevingar er det viktigare enn nokon gong å vera audmjuk.

Innleiinga mi peikar på at det ikkje berre er Gud som står dei stolte imot, det gjer vi menneske også. Det er også slik at når folk audmjuker seg og bed om tilgjeving er det lettare å møta dei med nåde.

Folk som slit med å innrømma feil får lite nåde. Eg snakkar frå eiga røynsle. Eg har opplevd begge delar.

For mange månader sidan skreiv eg ein artikkel i Dagen om å kjenna sine eigne feilsteg. Eg fekk mange gode og oppmuntrande tilbakemeldingar på den artikkelen. For ei tid sidan skjedde noko stort.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg fekk besøk av ein bror eg ikkje hadde møtt på mange år. Vi skilde lag i ein vond konflikt om val av strategi for over tretti år sidan. Han hadde lese artikkelen då han kom på trykk og etter eit halvt år kom han for å snakka med meg om det som hadde vore vondt.

I artikkelen møtte han ein annan person enn den sterke og firkanta personen han skilde lag med. Gud talte til han gjennom min audmjuke artikkel.

Han kom til meg som ein audmjuk mann og vi fekk nåde til å setja ein tjukk strek over alt det vonde som høyrde fortida til. To sterke menneske såra kvarandre for tretti år sidan, men no møtte to audmjuke brør kvarandre med tilgjeving og forsoning.

Å kor godt og vakkert det er når brør lever i fred og forsoning med kvarandre!