Meninger
KYRKJE: Biletet er frå ei digital gudsteneste i Nidarosdomen i 2020.
Gorm Kallestad/NTB
Å preike sanning
Eg skriv frå Budapest, ein by i det som fram til «vendinga» kom i 1989, var ein del av det forhatte Sovjet-regimet. Konferansen her handlar om å forkynne «mot» sanning, det vil seie i positiv tyding: «toward truth».
Det skulle jo all forkynning ha som mål. Men her er det nok av døme på kor vanskeleg det har vore, og kor finurleg kyrkjer under skiftande regime har måtta ordleggja seg, slik at sanninga i det minste kan sleppa fram i glipene i tjukke murar.
Døma er, som sagt, mange. Og poenget er at sanninga alltid er truga, i statar der styresmaktene gjer seg lekre overfor kyrkjene (ei ikkje heilt elegant formulering om det som no faktisk skjer i det ny-liberale Ungarn), så vel som i statar som opptrer med knytte nevar.