❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Frispark

Å øl med din glede

ALKOHOLBRUK: Og samlast til gode måltid, er veldig kjekt og bra for folkehelsa. Men ein treng ikkje drikke alkohol for at måltidet skal vere fint, skriv Kjersti Toppe.
Publisert

 

Det er snart jul. Ei herleg og kjærkomen høgtid som veldig mange ser fram til. Der ein får tid å roe ned, vere med familien sin og reflektere over julebodskapen. Organisasjonen Av-og-til har i desse dagar ute ein filmsnutt der vi ser vaksne si alkoholdrikking frå eit barns synspunkt. Den bør alle gå inn og sjå. Barn reagerer før enn vi trur på vaksne si drikking. Dei sansar at foreldra blir litt annleis, og det kan verke utrygt. «God stemning» er ikkje det same for barn som for vaksne. 

Av-og-til arbeider for godt alkovett i situasjonar der alkohol utgjer ein risiko, eller kan vere til ulempe for ein sjølv eller andre. I jula er det mange slike situasjonar, og mange treff med god mat og drikke. Og samlast til gode måltid, er veldig kjekt og bra for folkehelsa. Men ein treng ikkje drikke alkohol for at måltidet skal vere fint. Og er det barn til stades, treng ein ikkje drikke alkohol av omsyn til borna. Alle bør minimere alkoholinntaket dersom det er barn til stades.

Powered by Labrador CMS