| Kommentar
9. april. Ei hjelp mot falma minne?
Han sjanglar bak ei slags likvogn der ein medsoldat ligg døyande og «vrenger blikket, harker, kaster opp». Heldigvis fann han orda som gjorde meg kvalm over sytti år seinare.
FRAMRYKK: 9. april 1940. Tyske soldatar rykkjer fram på dansk territorium.
AP / NTB
I dag er det aldri-meir-niande-april. Invasjonen av Noreg den 9. april 1940, som innleidde fem år med krig, okkupasjon og systematisk utrydding av jødar frå landet vårt, er framleis eit nasjonalt referansepunkt.
Men tida har ei evne til å jamna ut sjølv dei djupaste sår og vondaste traume. Tidsvitna døyr. Menneskeleg minne falmar.
Interessa for Andre verdskrig likevel stor, meir enn åtti år etter freden var eit faktum. Vi ser det mellom anna i populærkulturen. Filmar med krigstematikk, slik som den interessante Nürnberg, som kom i fjor, dreg sjåarar i hopetal.