🍁 1 krone for 1 måned

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

7. oktober – haldningar og antisemittisme

TERROR: Et hus står i brann under et dødelig angrep på tvers av grensen utført av palestinere fra Gazastripen lørdag 7. oktober 2023.
Publisert Sist oppdatert

Dei fleste av oss tenkte vel nokså sjølvsagt at Hamas sin ekstreme terror mot og massakre av jødar i Israel 7. oktober 2023, ville føra til større forståing for Israel og jødane sin situasjon, og tilsvarande større erkjenning av Hamas som terrororganisasjon og med det større kamp mot Hamas. Det underlege er at det har vorte motsett.

Internasjonalt er Israel i ein vanskelegare situasjon enn på lenge, og i landet vårt er jødane meir utrygge enn dei nokon gong har vore sidan andre verdskrigen. Rett nok framstår Israel som land nokså trygt og sterkt, men det er grunna deira eigen innsats og deira forsvarsevne. Noreg har innteke ein sterk Israel-kritisk og tilsvarande sterk Palestina-vennleg posisjon.

Professor Torkel Brekke har gått inn i denne situasjonen og skrive ei lita, men svært viktig, opplysande og innsiktsfull bok. Han viser kva som skjedde 7. oktober, men han er mest oppteken med verknaden av dette i ettertid, ikkje minst for dei norske jødane – som er ein svært liten minoritet i landet vårt. Han ser det som har skjedd, gjennom fire ulike «rammefortellinger», der særleg den eine får stor vekt som forklaringsmodell.

Powered by Labrador CMS