Analyse
30 år med debatt om homofili. Kva skjedde med teologien?
Eit tilbakeblikk til 1995 fortel om kyrkjelege endringar som har gått i ekspressfart.
EI ANNA TID: Frå 1990-talet måtte Bispemøtet bruke mykje tid og krefter på homofilispørsmålet. Biletet er frå 1998 med f.v. Odd Bondevik, Finn Wagle, Rosemarie Køhn og Enst Baasland.
Ørn E. Borgen / NTB
Ved utgangen av 2025 har det slått meg igjen: Det kan vere vanskeleg å skjøne si eiga samtid, men det er heller ikkje utan vidare lett å forstå si eiga fortid.
Den konkrete bakgrunnen er kontrasten mellom to hendingar eller situasjonar i nær kyrkjehistorie. Den siste fann stad i oktober i år: På London pub i Oslo framførte leiinga i Den norske kyrkja ei lenge påtenkt årsaking til skeive. Denne vart etterfølgd av gudsteneste i Oslo domkyrkje. ein oppfølgjar i Stavanger.
Valet av omgrep er i seg sjølv interessant. For 30 år sidan trur eg dei fleste ville oppfatta nemninga «skeive» om ei gruppe som enten uforståeleg eller fornærmeleg. Så seint som i 2022 skreiv biskopane i ei fråsegn at det var homofile og lesbiske, altså ikkje skeive, dei hadde påført stor skade og smerte.