Utøya: 69 personar blei drepne i skytemassakren på Utøya 22. juli 2011. 60 blei såra.

22. juli: Såra som ikkje synest

Det går ein flokk unge vaksne blant oss som ber på blytunge bører vi ikkje så lett får auge på. Altfor mange av dei er blitt gåande for mykje åleine. Vi skulle letta børene deira meir enn vi har klart å gjere.

Det gjeld dei unge som var på Utøya 22. juli 2011. Dei som vakna til ein varm sommardag på leir, men som få timar seinare sprang i panikk for å søkje dekning for ein drapsmann.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kven kunne ha fantasi til å tenkje at noko slikt kunne hende i fredelege Noreg? At det kunne skje på ei lita øy i Tyrifjorden, nokre steinkast frå campingturistane inne på fastlandet? Ikkje ungdommane som tok på seg shorts og sandalar og gjekk for å ete frokost denne morgonen. Og ikkje vi andre.

Dei fleste av oss har ikkje fantasi til å fatte kor ekstremt det var, det dei opplevde, ungdommane på Utøya. Kva forferdelege ting dei såg og lukta og høyrde. Kor veldig frykta var. Kor sterke smertene var for dei som vart råka av kulene. Eller kor utmatta dei var, dei som svømte for livet for å kome seg vekk.

Ti år etter tenkjer nok mange ikkje så mykje på Utøya og 22. juli lenger. Kanskje berre kvar gong det kjem opp i media.

Men dei som var på Utøya denne dagen, hugsar som det var i går. Foreldra som sat med hamrande hjarte på Sundvolden hotell og venta på livsteikn frå ungane sine, hugsar også. Mange av dei som vart direkte ramma, ber framleis hendinga med seg i det daglege, viser ei fersk undersøking.

Ungdommane på Utøya sto på terskelen til vaksenlivet då terroristen innhenta dei. Desse viktige åra då ein skal utdanne seg, finne arbeid og etablere seg som vaksen, kan vere krevjande for nokon kvar. 22. juli-ungdommane måtte i tillegg bere med seg eit traume stort som eit fjell.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har følgt Utøya-overlevande og pårørande i fire omgangar siden 2011. Då nye funn frå studien vart presentert nyleg, fekk vi vite at meir enn kvar tredje som overlevde terroren på Utøya, framleis lir av posttraumatiske stresslidingar. Ein av fem av dei pårørande slit med det same.

Forskingsleiar Grete Dyb seier til NTB at resultata er nedslåande. Det har ikkje vore nokon nedgang i andelen overlevande som slit sidan andre intervjurunde, som vart gjort 14 månader etter terroren. «Det er eit veldig alvorleg teikn på at altfor mange slit med desse problema over tid», seier ho.

Ein av tre Utøya-overlevande fortel også at dei manglar tilgang til nødvendig helsehjelp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

AP-politikar Tonje Brenna var generalsekretær i AUF i 2011. Ho var på Utøya den kolsvarte dagen. Framleis kan ho tenkje at «no blir eg skoten» når det skjer noko uventa. For eksempel når det ringjer på ei dør.

No har Brenna skrive bok om det ho opplevde. I eit intervju med A-magasinet fortel ho at ho lever med traumer. Nokre er store, andre er ubetydelege. Dei endrar karakter heile tida. Når ho er ferdig med å bearbeide éin ting, kan det dukke opp noko nytt.

Brenna har ei veksande kjensle av at 22. juli blir bagatellisert. Dét skal vi vakte oss vel for.

Det er ikkje bra dersom minkande medvit om 22. juli gjer at ofra ikkje får den helsehjelpa dei treng. Rapporten frå NKVTS viser at somme treng hjelp i lang tid etterpå. Har dei ikkje fått den hjelpa før, må dei i alle fall få den no. At traumer kan herje med eit menneskesinn i årevis, er vel kjent. Korleis ein då kunne finne på å kutte helsehjelpa i kommunane til mange av ofra etter berre eit år, er ei gåte. Og ei skam.

Terroren på Utøya var eit åtak på demokratiet vårt. Det var eit åtak på oss alle. Det skremmande er at tankegodset bak terroren framleis lever i samfunnet vårt. Aftenposten kunne sist veke fortelje korleis ein ny generasjon høgreekstreme veks fram. Nettet gjer det lettare å verve og radikalisere folk, og vanskelegare for politiet å oppdage.

AUF-leiar Astrid Hoem etterlyste i april eit politisk oppgjer med det som skjedde 22. juli. «Vi har teke eit oppgjer med beredskapen, og vi har teke det rettslege oppgjeret. Men vi har ikke diskutert ideologien og korleis desse haldningane oppstår», sa ho til NRK.

Å bruke tiårsminnet til eit oppgjer med det høgreradikale tankegodset, er ein god måte å heidre ofra på. Og heilt nødvendig for å førebyggje framtidig terror.

At desse haldningane ikkje vart parkerte då gjerningsmannen vart dømd, veit dei overlevande så altfor vel. Ein av tre Utøya-overlevande har motteke hatmeldingar eller truslar, viser NKVTS-rapporten. Slik vart det lagd endå ein stein til børa deira, som var altfor tung frå før.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei fleste av oss har ikkje fantasi til å fatte kor ekstremt det var, det dei opplevde, ungdommane på Utøya.