«Forkynn evangeliet!» – Erling Thu, pastor i Kristent Nettverk.

Forkynn evangeliet

Evangeliet er godt nytt om kva Gud har gjort for oss i Jesus Kristus. Det er Guds evangelium om Jesus Kristus, om hans død og oppstode. Evangeliet er alltid godt nytt og må forkynnast med stort frimod til alle menneske i alle kulturar!

Misjon handlar om å forkynna evangeliet. Forkynninga er viktig. Trua kjem av forkynninga. Det evangeliet me forkynner bestemmer kva slags frukt me får i arbeidet vårt. Evangeliet avgjer resultata. Skaper forkynninga vår læresveinar eller berre møtegjengarar? Skaper forkynninga vår heilhjarta disiplar eller religiøse fanatikarar?

Skaper forkynninga vår revolusjonære verdsborgarar? Handlar evangeliet vårt berre om å koma til himmelen når me døyr, eller har det noko med livet vårt i verda å gjera? Handlar det berre om tilgjeving frå synd eller handlar det også om å verta fri synda si makt?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Evangeliet er godt nytt om kva Gud har gjort for oss i Jesus Kristus. Det er Guds evangelium om Jesus Kristus, om hans død og oppstode. Evangeliet er alltid godt nytt og må forkynnast med stort frimod til alle menneske i alle kulturarar!

Media er fylt av dårleg nytt og negative hendingar. Det rår ei universell kjensle av at noko har gått galt. Den menneskelege egoismen trugar livet på jorda på mange måtar. Verda går sin skeive gang og det verker ikkje som om menneska kan berga seg sjølv frå den trugande øydelegginga. Kvifor? Fordi menneska har fire fiendar og livet er ei slagmark. Me står i ein kamp.

1. Synd og egoisme har teke oss til fange. Alle har synda og kjem til kort. Me er slavar under synd. 2. Døden er den siste fiende som alle må møta. Død, sjukdom og liding er eit resultat av syndefallet. 3. Djevelen er vår motstandar. Han er vondskapen personifisert. Slik mørke er fråvær av lys er vondskap fråvær av godleik. Vonde og øydeleggjande krefter er verksame i verda og er årsak til mykje liding. 4. Religionane har fanga oss i lovtrældom og strev for å verta gode nok, men let oss aldri lukkast.

Evangeliet er at Gud bryr seg om menneska. Gud elskar verda, og denne verda er ikkje overlaten til seg sjølv. Gud har gripe inn. Gud vart menneske. Jesus viste oss Gud. Han gjorde den usynlege Gud synleg. Han gjekk omkring og gjorde vel. Han gjorde sjuke friske. Han tilgav synd. Han sette folk fri frå vonde makter. Han demonstrerte Guds rike og livet i fridom frå synd.

Herrane i denne verda slo seg saman for å drepa han. Dei forstod ikkje kva dei gjorde då dei krossfesta han. Dei krossfesta Den Rettferdige, Den Heilage, men døden kunne ikkje halda på han. Gud reiste han opp frå dei døde og gjorde han til Herre!

Jesus gjorde ende på djevelens gjerningar. Han sletta skuldbrevet som gjekk oss imot. Han triumferte over dei vonde maktene på krossen. Han sette oss fri frå synda si makt. Ved hans nåde er me frikjent og me har fått liv og herredømme ved Jesus Kristus. Han kjøpte oss fri frå lova si forbanning og sette oss fri frå lovtrældomen. Han kjøpte oss fri frå det tome livet me arva frå fedrane. Det var Gud som i Kristus forsona oss med seg sjølv og gav oss forsoningstenesta. Kristus har sett seg ved Guds høgre hand i himmelen og ventar no berre på at alle hans fiendar skal leggjast under hans føter.

Dette er godt nytt! Dei fire fiendane som alle menneske sloss mot er overvunne! Me kan få tilgjeving og verta fri frå synda si makt. Me får evig liv og treng ikkje frykta døden. Lova er oppfylt, og me er fri frå alt strev og lovtrældom. Jesus har overvunne maktene og me kan leva eit fritt liv i Den Heilage Ande.

Forkynn dette evangeliet og folk vil venda om. Evangeliet skaper omvending og gjev oss eit nytt hjarte og eit nytt liv. Evangeliet lærer oss å tenkje nytt, det skaper tru og tillit til Gud. Me lærer å tenkje Guds tankar og å gå på Guds vegar. Evangeliet skaper fellesskap med Gud og menneske. Evangeliet fører oss inn i nye relasjonar og skaper eit liv i trufast kjærleik.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Me kan ikkje halda dette evangeliet for oss sjølv. Me må dela det med andre. Evangeliet gjev oss del i Guds oppdrag: å be på Kristi vegner: lat dokker forsona med Gud! Alt er ferdig. Nåden er nok.

Forkynn evangeliet!

Les også
Etterlyste mer tale om korset i folkekirkenAgenda Ut
Les også
Når Bibelen selv sier at det ikke stemmer
Les også
Hva kristen misjon er
Les også
BibeltroskapMFs utvikling
Les også
Alvorsmann med vitsebok