For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Anmeldelser

NYNORSK KYRKJEMÅL: Per Halse har i stor grad konsentrert seg om korleis nynorsk fekk fotfeste i Den norske kyrkja, og det vart til ei doktoravhandling.

Variert festskrift til Per Halse

Publisert Sist oppdatert

Professor Per Halse ved Høgskulen i Volda fylte 65 år i fjor, og fekk då sitt festskrift – eller «heidersskrift», som dei kallar det i Volda. Det er ei variert artikkelsamling som særleg tek føre seg tema som ligg innafor det Halse har arbeidd med.

Halse har i stor grad konsentrert seg om korleis nynorsk fekk fotfeste i Den norske kyrkja, og det vart til ei doktoravhandling. Han har også skrive ein anerkjent biografi om Peter Hognestad, som eg diverre enda ikkje har fått lese, trass i at han ligg og lokkar! Det er sagt at Hognestad med sine salmar fekk «heile Noreg til å syngja nynorsk». Halse har også bidrege med andre kyrkjehistoriske arbeid, slik som om «Fyrebelsbibelen».

I dette festskriftet deltek fleire av Halse sine kollegaer i Volda og frå andre samanhengar. I Volda er dei flinke med festskrift, artikkelsamlingar og diverse fagbøker i serien Religionsfag Profil. Det er alltid slik med artikkelsamlingar av denne typen, at ikkje alle artiklane er like aktuelle og interessante for alle, men blant dei tolv bidraga skulle det vera noko for dei fleste som er interesserte i teologi og kultur. Så langt eg kan sjå, held alle artiklane godt fagleg nivå.

Powered by Labrador CMS