Anmeldelser
Bokomslag
Underhaldande om bibelske ord og uttrykk
Det er ei kjent sak at Bibelens tankegang og språkbruk har verka inn på og til tider forma mykje av litteraturen og språkbruken, både her i landet og andre stader. Det er sagt at ein må kjenna Bibelen for å forstå store delar av skjønnlitteraturen, særleg den klassiske.
Denne vesle boka tek ikkje dette opp i sin breidde, men løfter fram 100 ord og uttrykk som vi brukar i daglegtalen, men som stammar frå Bibelen – utan at folk flest er klar over det. Mange av desse uttrykka er svært kjente, og er sitat frå Bibelen. Andre er mindre kjente og er ikkje alltid direkte sitat, men meir ei samanfatning av ein bibelske seiemåte og tankegang.
Orda i kontekst