For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Anmeldelser

ETIOPIA: I den perioden NLM har verka i Etiopia, har det vore stor endringar og omveltingar i landet, skriv Johannes Kleppa. Her frå byen Lalibela.

Svært god misjonsbok frå Etiopia

Publisert Sist oppdatert

Dette trur eg er den beste misjonsboka eg har lese. Ho er god av fleire grunnar. Boka er svært spennande ved at det er mykje dramatikk frå krig, opptøyer og forfylging. Boka er god fordi ho er sterkt utfordrande når vi ser kva offer som vert gjeve i misjonens teneste for folks frelse. Boka er til inspirasjon fordi vi får så kva vekking og kyrkjevekst som fylgjer i misjonens spor.

Det er Odd-Åge Ågedal som gir oss 50 glimt frå sitt mangeårige virke som misjonær i Etiopia. På eitt vis vert han med det som ein gjennomgangsfigur i forteljinga, men ikkje på ein slik måte at det er han og hans teneste som kjem i sentrum. Det er misjonsarbeidet og det som skjer i dei områda han har sitt virke, som vert saka.

Ågedal har gjort ein pedagogisk genistrek, som eg ikkje kan hugsa eg har sett andre har gjort, ved at han startar kvart kapittel med ein referanse til Paulus eller andre frå den første misjonstida, altså frå Apostelgjerningane og brevene i NT. Med det får ein løfta det misjonsarbeidet han skriv om, inn i eit bibelsk perspektiv. Dette er ikkje noko påklistra, men det heile fungerer organisk.

Powered by Labrador CMS