Anmeldelser
BOK: Per Arne Dahl er biskop emeritus i Tunsberg. Saman med kona Anne har han skrive boka «Den store kjærligheten».
Tore Hjalmar Sævik
Stor kjærleik er vilje meir enn kjensler
Det er omtrent eit «sølvbryllaup» (25 år) sidan boka kom ut første gongen (1998). Kva som er nytt og kva som utgjer det utvida stoffet i nyutgåva, har eg ikkje oversikt over. Men det har vore ei god oppleving å lesa denne nye.
Anne og Per Arne Dahl har snart vore eit ektepar i femti år. Denne milepælen har me to her i huset nettopp passert. Derfor er det ikkje enkelt å skulle melda og kommentera ei slik bok berre ut frå litterære eller det ein kan kalla faglege kriterium. For dette går jo rett inn i liv og kvardag hjå den som les.
Skaparordning