For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Anmeldelser

T-BANE: Den ytre historia er slik at Sankt Peter tek T-banen rundt om i Oslo, skriv Johannes Kleppa.

Sankt Peter og dagens Noreg

Publisert Sist oppdatert

Dette er ei bok som det er vanskeleg å plassera i ein bestemt sjanger. Det er som ein legende, eller som ei tenkt historie om apostelen Peter sitt møte med tankar, tru og vitskap i dagens Noreg. Det er altså rein fantasi, men då i ettertankens og refleksjonens form.

Den ytre historia er slik at Sankt Peter tek T-banen rundt om i Oslo, og stoppar på ni forskjellige stasjonar, der han oppsøkjer ulike stader og institusjonar. Der gjer han seg sine refleksjonar om mangt og mykje om det han ser og høyrer, og held det saman med si tid som apostel og pave. Framstillinga dreg litt i katolsk retning.

Peter oppsøkjer stader der han kan få eit inntrykk av dagens vitskap, og om forholdet mellom tru og vitskap, og kva bøker og media er opptekne med. Han oppsøkjer kloster og ulike type møte og gudstenester, og samanliknar det han finn med den første kristne tida.

Powered by Labrador CMS