Anmeldelser
BARCELONA SI SJEL: «Ikkje å undrast over at både Nymark, og mange med han, no spør etter FC Barcelona si sjel – kva no?», skriv vår anmeldar. Her frå ein kamp mellom Barcelona og Valencia 17. oktober i år.
Joan Monfort / AP / NTB
På jakt etter FC Barcelona si sjel
Sjølv dei som ikkje har den minste interesse av fotball, må ha høyrt om FC Barcelona, og Maradona og Messi. Dei som har slik interesse, veit at her snakkar me om ein internasjonal gigant innan fotball-verda.
I denne klubben har mega-stjerner som Diego Maradona og heilt fram nesten til dags dato; Lionel Messi, spelt. Sistnemnde gjekk over til franske Paris Saint-Germain, for kort tid sidan, etter ein periode med noko frustrasjon over tilhøva i Barcelona.
Men Johannes Nymark si bok handlar i liten grad om desse to stjernene – og heller ikkje så mykje om mange andre små og store stjerner som i korte eller lange periodar har vore i klubben. Det er klubben si sjel som er i fokus, hjå ein klubb som nærmar seg 125 år.