Anmeldelser
SALMANE: Eg vonar mange vil nytta dette høvet til å koma seg på innsida av Salme 119, skriv Johannes Kleppa.
Odd Mehus
På innsida av Salme 119
Den klart lengste salma i den bibelske Salmeboka er Salme 119. Dessutan er salma oppbygd på ein spesiell måte. Ho følgjer det hebraiske alfabetet frå første til siste bokstaven, som er 22 bokstavar.
For kvar bokstav er det åtte vers, altså totalt 176 vers. Gjennomgangstemaet i salma er Guds ord, som det vert brukt ulike omgrep for.
Erling Thu har komme på den gode tanken å skriva ein andakt for kvart vers, så då vert det altså 176 andaktar. Andaktane kjem i 22 bolkar, tilsvarande som bokstavane i det hebraiske alfabetet. Kvar bolk vert innleia med nokre få tankar knytt til den aktuelle bokstaven og det som pregar bolken.