På blind date med Morten

Korleis er det å gå på date med ein solid kristen, singel kar? Dagens single journalist testar ein blind date med «datingekspert» Morten Eikli.

Sjølv om han sjølv er sin­gel, rei­ser Mor­ten Eikli (25) rundt og snak­kar til ung­dom om sex, porno og det å vere kjærast. Han er om­ta­la som da­ting­eks­pert og førre veke kom han med da­ting­tips i Dagen.

Men kor­leis er det å fak­tisk gå på blind date, lurer eg på. Kol­le­ga­er ten­ner på ideen. Og Mor­ten er med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Spent møter eg opp fem mi­nutt før tida i ein nes­ten tom Tullins Café. For­mid­da­gen er ty­de­leg­vis ikkje ei nor­mal tid å date på.

Mor­ten har in­vi­tert meg hit, midt i kris­ten-kvar­ta­let i Oslo, med mel­lom anna Mi­sjons­sa­len, Stor­sa­len, Laget, NLA Høg­sko­len i Staf­feldts­gate og Nor­mi­sjons gjen­bruks­bu­tikk.

Tipsa frå nett­da­ting­sta­den match.no (fakta­boks) er mine leie­trå­dar. Møt i tide er num­mer éin. Eg mei­ner også at num­mer seks er på plass, der eg står i grøn kjole.

Det førs­te møtet

Eg har kjent på ner­ver sidan vi av­tal­te å mø­tast. Det er ikkje kvar dag eg går på date. Av Face­bo­ok-ve­ner har eg fått eitt ge­ne­relt da­ting­tips: Ver deg sjølv.

Dette vil uan­sett bli litt kuns­tig, då eg er jour­na­list og har med meg fo­to­graf dei førs­te fem mi­nut­ta. Men eg har be­stemt meg for å møte han som sin­gel kvin­ne, ikkje som jour­na­list.

Fo­to­gra­fen lus­kar rundt i ku­lis­se­ne for å finne gode vink­lar. Eg set meg ned midt i ka­fe­en og ser på klok­ka på mo­bi­len. Be­gyn­ner så vidt å stu­de­re me­ny­en. Ser etter livs­teikn frå Mor­ten. Og så er han der. I blå don­geri­skjor­te.

Vi smi­ler, eg rei­ser meg og hel­ser på han. Blir det klem? Nei, bare hand­trykk, men eg burde kan­skje ha teke ini­tia­tiv til ein klem?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Kor skal vi be­gyn­ne... Hei, kven er du, spør Mor­ten og smi­ler breitt.

Eg pre­sen­te­rer meg, for­tel om ut­dan­ning og jobb.

Ser­vi­tø­ren spør om vi vil ha noko å drik­ke. Eg ten­ker vatn. Han tek cola. Eg tek spri­te.

Feil mat­val

Pul­sen min held seg jamt over mid­dels høg heile tida. Mor­ten er lett dis­tra­hert av fo­to­gra­fen, men pus­tar ut når vi blir ålei­ne.

- Kva har eg ei­gent­leg blitt med på, und­rar han, men ver­kar av­slap­pa og har eit lurt smil i munn­vika.

På føre­hand har han bare fått vite nam­net mitt og stil­lin­ga mi. Sjølv stu­de­rer han PR og kom­mu­ni­ka­sjons­lei­ing på BI og job­bar i Blå Kors.

Heilt blind date er dette ikkje. Mor­ten ved­går at han har goog­la meg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Eg gjor­de jo det. Eg anar jo ikkje kor mykje du veit om meg på føre­hand.

På in­ter­nett fann Mor­ten reise­blog­ga­ne mine og ar­tik­lar eg har skri­ve. Eg for­tel om ein back­pack­ing­tur til Afri­ka og Asia.

Han for­tel om si for­kyn­nar­gjer­ning i Stor­sa­len. Og om opp­veks­ten. Hans krist­ne bak­grunn.

Pra­ten går og lat­te­ren sit laust. Eg prak­ti­se­rer da­ting­tips num­mer sju og held auge­kon­tak­ten.

Eg rekk ikkje å stu­de­re me­ny­en sær­leg grun­dig, men har vur­dert fiske­sup­pa ei stund. Den står øvst på me­ny­en. Det har ikkje Mor­ten, som er opp­vak­sen i Aur­skog på det indre Aust­lan­det.

- Eg er litt kre­sen. Alt av sjø­mat er ikkje heilt det eg er vand med. Biff er ein sik­ker vin­nar, og bacon er ein hjarte­ven, seier Mor­ten og be­stil­ler ein kjøt­rett.

Det blir fiske­sup­pe på meg. I det suppe­skå­la kjem på bor­det ang­rar eg. Det luk­tar skik­ke­leg fisk. Eg let vere å kom­men­te­re lukta, og etter kvart blir eg vand med den, og håper han blir det same.

Ikkje lett å sjar­me­re

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi snak­kar om alt muleg. For­tel om alt frå djupe ting til fri­tids­in­ter­es­ser. Han er glad i hun­dar og els­kar å sjå på film. Eg er meir glad i kat­tar, men ser gjer­ne film. Vi er hobby-mu­si­kals­ke begge to.

Han spør om fram­tids­pla­nar. For­tel om si ideal­kvin­ne. Eg om at eg prø­ver å legge vekk den lange krav­lis­ta til ein kjærast, som eg har skri­ve på sidan ten­åra.

Det blir hel­dig­vis aldri klein stem­ning, men det er ikkje eitt kom­pli­ment å få. Uta­nom at eg er spor­ty, og viser meg som ei kvin­ne med tak i, som tok ini­tia­tiv til daten.

Kva må til for å sjar­me­re denne karen? Mor­ten viser seg å vere svært opp­te­ken av indre kva­li­te­tar.

- For­hol­det til Gud er det vik­ti­gas­te, seier han. I til­legg er ideal­kvin­na en­ga­sjert i ein me­nig­heit. Ei kvin­ne med bein i nasen, som støt­tar han, men ikkje er im­po­nert over det han gjer.

- Flott det, ten­kjer eg. Men gir han aldri kom­pli­men­ter på ut­sjå­na­den?

Ikkje ein gong når eg går på toa­let­tet snur han seg.

Likar Mor Tere­sa

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Kva er det førs­te du ser på når du møter nokon, spør eg.

- Måten eg flør­tar på, er å bli kjent. Det er å prøve å kome litt under ska­let og sjå kven per­sonen ei­gent­leg er, sva­rarMor­ten.

Han av­slø­rer at auge er vik­tig for han der­som han skal sjå på ut­sjå­na­den.

- Eg seier ikkje at ut­sjå­na­den ikkje er vik­tig, men for meg er det vel­dig se­kun­dært. Der­som du skal vur­de­re ein per­son du møter ut frå det, blir det galt. Ein kvar per­son du møter vil bli vak­ra­re og betre ved å bli kjent med per­sonen, seier Mor­ten.

- Mor Tere­sa er ei av dei da­me­ne eg trur eg hadde vore be­tatt av om ho var i live. Ho er eit av mine størs­te for­bil­de.

Daten varer to timar. Ein time len­ger enn eg tenk­te.

- Eg be­ta­lar, eg in­sis­te­rer, seier Mor­ten.

In­sis­te­rer gjer eg også, utan at det hjel­per. Vi går saman til Stor­tin­get, der vi skil­jast. Han får mo­bil­num­me­ret mitt. Eg får ein klem før eg går.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Det hadde vore hyg­ge­leg å møte deg på pri­va­ten, utan fo­to­graf og at du skriv, smi­ler Mor­ten. Kva med neste veke? spør han.

Ti tips til første date

1) Sørg for å være i tide.

2) Prøv å ikke bare prate om deg selv. Still spørsmål, inviter til samtale, og vis interesse for daten din.

3) Vent med blomster og lignende gaver til den første daten hjemme hos den andre parten.

4) Prøv å tolke den andre personens signaler. Ikke bli for fysisk, og ikke sitt for nærme om ikke den andre personen gir deg tydelige signaler om at det er greit.

5) Unngå å prate om eksen eller tidligere forhold.

6) Ta på deg noe du trives og synes du ser bra ut i.

7) Prøv å holde øyekontakt så mye som mulig.

8) Dette er nok den eldste klisjeen, men prøv å være deg selv så mye du bare kan.

9) Hold deg til sannheten. Ikke lyv om alder, jobb eller andre ting.

10) Tilby deg å betale din del av regningen.

Kilde: match.no

Dating-ordliste
Dating
Les også
- Troen preger hele livetDating
Les også
Skal vi ta en kaffe eller?Dating
Les også
Er vi på date nå...?Dating
Les også
Er kjærligheten bare tre minutter unna?Speed-dating