Anmeldelser
RELEVANT: Poenget med boka er å få fram viktige element frå Johannes openberring for å forstå vår eiga tid, og å få hjelp til å leva rtett som kristen i vår tid, skriv Johannes Kleppa.
Odd Mehus
Openberringsboka inn i vår tid
Ved at boka så einsidig tolkar Openberringsboka som ein «samtidsvisjon», er det lite om den historiske utviklinga fram mot Jesu atterkome.
Når ein startar lesinga av ei bok, har ein ofte tankar om kva bok det er og kva bodskap ein vil møta. Nokre gonger stemmer dette, og ande gonger viser det seg at det var ei annleis bok enn ein hadde tenkt – positivt eller negativt.
For meg var nok Hans Johan Sagrusten si bok om Johannes openberring litt annleis enn eg hadde rekna med ut frå slik ho presenterer seg. Frå ei side sett var ho meir detaljert aktualisert på vår tid enn eg hadde trudd, men frå ei anna side sett gjekk ho mindre i djupna enn eg forventa.
Sagrusten er kunnskapsrik og han er ein språkets meistar. Han skriv gnistrande godt nynorsk, slik at det er ein fryd å lesa reint språkleg sett. Sjølv om dette må reknast som ei fagbok og sakprosa, er det språkmessig som å lesa skjønnlitteratur. Dette har samstundes den ulempa med seg, etter mitt skjønn, at det til tider vert for ordrikt og boka vert unødig omfattande.