Anmeldelser
OPPVEKST: Forfattaren har også intervjua sin bror, som har opplevd oppveksten heilt annleis enn søstera, sjølv om oppseding og tilknyting den kristne forsamlinga var lik, skriv Johannes Kleppa.
Frank May / NTB
Om tru og traume etter kristen oppvekst
Det er heilt klart ein del å henta for kristne foreldre, leiarar og forkynnarar i denne boka.
Denne boka ber undertittelen «Samtaler om tro og traume». Det dreier seg mest om traume nokre har etter ein oppvekst i kristne heimar og eit aktivt forhold til ei kristen forsamling. Det er særleg forkynning av fortapinga og redsel for helvete som har skapt slike traume, men det kan også dreia seg om streng oppseding.
Forfattaren har slike traume sjølv, og ho fortel ope om det. Mykje av boka går ut på å intervjua andre med tilsvarande erfaring, men her er også intervju med fagfolk på området. Framstillinga er stort sett nøktern og truverdig, men det er eit par eksempel der haldninga er nokså aggressiv og verkar lite truverdig.
Eg synest det er vanskeleg å melda bøker av denne typen. Det har to grunnar. Det eine er at eg gjerne vil ta folk sine opplevingar og erfaringar på alvor, men dei stemmer ikkje med mine eigne erfaringar frå ein kristen heim og bedehuset.