Anmeldelser
PREST: På bildet ser vi biskop Eivind Berggrav ankomme 17. mai-gudstjeneste på Akershus festning sammen med kronprins Olav i 1945.
Scanpix/NTB
Også presten gjekk i krigen
Omtrent alle ville ha presten på si side. Ofte må han ha kjent seg som pressa mellom borken og veden.
Olav Norheim (fødd 1951) har gått nøye gjennom dagbøkene til faren, Bjarne Norheim (1905–91) frå krigsåra og nokre år etterpå. Faren var teolog og prest, og hadde sitt virke i litt ulike kyrkjelege samanhengar innan Hamar bispedøme, under leiing av biskop Henrik Hille.
Det vil seia – fram til at okkupasjonsstyresmaktene sette inn ein annan biskop, noko som førte til at Norheim stilte seg til disposisjon for Den midlertidige kirkeledelse (DMK).
Fengselsprest