Anmeldelser
MINNEMARKERING: Ein politibetjent setter ned lys ved minnestatuen til Benjamin Hermansen på Holmlia i Oslo, 20 år etter at 15 år gamle Hermansen blei drepen av nynazistar.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Nynazisme: Den ideologiske påverknaden tek til på guterommet
Boka er skriven på bakgrunn av Katrine Fangen sitt doktorgradsstudium på 1990-talet, der ho fokuserte på norske nynazistar. Boka kom ut første gong i 2001. Den nye utgåva er ikkje endra på andre måtar enn at notid er skrive om til fortid. Og så er boka forsynt med nye føreord. For det har skjedd mykje på denne sektoren dei siste tjue åra.
Boka kom ut første gongen det året då Benjamin Hermansen vart drepen. Seinare har me hatt 22. juli-dramaet med Breivik, og for få år sidan Manshaus i Bærum. Ytre høgre eller høgreekstremismen er på mange måtar annleis enn dei miljøa Fangen forska i på 1990-talet.
Færre nynazistar