Anmeldelser
SAMISK KULTUR: Skildringa til Edvard Masoni av samar, samisk kultur og samisk levemåte var til tider nokså annleis enn andre si skildring. Han var sterkt medverkande til at samane organiserte seg for å vareta sine interesser, skriv Johannes Kleppa.
Lise Åserud / NTB
Misjonæren som var kritisk til samemisjon
Edvard Masoni var ein spesiell mann, og han har ei like spesiell livshistorie. Han voks opp i djup fattigdom i ei husmannsgrend i Rana på Helgeland, og som same høyrde han til eit folk med låg sosial status.
Han hadde uvanleg gode evner, slik at han mot alle odds tok akademisk utdanning, faktisk på to område. Han vart både teolog og lege. Han vart ein kjent føredragshaldar og han skreiv veldig mykje i aviser, særleg i ei samiskspråkleg avis i Finnmark.
Misjonsskolen i Stavanger