Anmeldelser
THU: Erling Thu er forkynnar i Kristent Nettverk.
Dagen arkiv
Lutheranar og tidlegare redaktør: Pinsekarismatisk om nådegåvene
Erling Thu er ein flittig skribent. Den eine boka etter den andre kjem frå hans hand. Han auser frå eit langt liv som forkynnar og bibellærar. Han skriv enkelt og lettfatteleg. Mot normalt skriv han denne gongen på bokmål! Temaet er Anden og nådegåvene.
Visdom, kunnskap og profetisk tale
Eg er så gamal at eg minnest korleis det vart forkynt og lært om Anden og nådegåvene før den karismatiske rørsla gjorde sitt inntog i landet, og etter kvart også at trusrørsla gjorde seg gjeldande. Det er påfallande korleis forståinga av nokre av nådegåvene har endra seg, og no nærast synest å vera den sjølvsagde bibelske læra.