Livssoge som gjer sterkt inntrykk

Kvalvaag har skrive ei livssoge som gjer sterkt inntrykk og som går godt inn i romanformatet.

Få skjønnlitterære bøker har fått så mykje merksemd som romanen til Bergensforfattaren Hilde K. Kvalvaag.

Temaet i forteljinga er av det sterkt kjenslemessige og sårbare slaget. Forfattaren skriv ope om korleis det var å mista sonen sin. Han tok sitt eige liv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Anmeldt/Bok

Hilde K. Kvalvaag

Djuphavsslettene

Roman, 391 s.ib

Vigmostad og Bjørke 2021

Ein kan ha innvendingar og ulike meiningar om eit slikt djupt personleg skriveopplegg, men Kvalvaag fortel drivande godt Ho legg for dagen ein ærlegdom som gjer djupt inntrykk.

Dei av lesarane som har opplevd tragedien eit sjølvmord representerer, vil nok i delar av denne forteljinga oppleva seg spesielt ramma av kor ope og rett fram forfattaren skildrar det heile.

BOK: Hilde K. Kvalvaag har skrive «Djuphavsslettene».

Utan å gå i detaljar, merkar eg meg at forfattaren ikkje set kristentrua og kristne gravferdsritualer særleg høgt.

Men Kvalvaag har skrive ei livssoge som gjer sterkt inntrykk og som går godt inn i romanformatet.