Anmeldelser
1934: Natten til 7 april 1934 forårsaket et stort fjellskred en flodbølge i Tafjorden. Denne raserte både bebyggelsen i Tafjord og det lille stedet Fjørå. 41 mennesker omkom. Tafjorden er en 10 km lang arm av Norddalsfjorden i Møre og Romsdal. 30 hus ble knust og totalt ødelagt. På bildet prosesjonen som fører kistene med de omkomne til Norddal kirke. Foto: Ingvald Møllerstad, Aftenposten.
Aftenposten / NTB
Liv og lagnad i Kvennhusneset
Tafjord-namnet er for alltid knytt til ulukka i 1934 då fjellknausen Langhammaren raste med tre millionar kubikkmeter stein 700 meter rett ned i Tafjorden og vart årsak til ei veldig flodbølgje som knuste hus, naust, bryggjer og båtar langs strendene og let etter seg 40 omkomne i bygdene Tafjord og Fjørå.
Sjølve Tafjorden er ein arm av Storfjorden som går innover mot Hellesylt og Geiranger. Han tek av mot aust tvers for Stranda, og får etter kvart Sylte, Valldal og Fjørå på nordsida. På sørsida, der det er ganske undersolt, låg det på 1800-talet små gardsbruk i brattlendet i mest kvar ei vik.
Dei hadde namn som Kastet, Osvik og Kvennhusneset, og det er liva til nokre av brukarane på desse gardane i 1880-åra som vert skildra i denne dokumentarromanen. Han krinsar rundt namngjevne, historiske personar og byggjer på utskrifter frå kyrkjebøker, pantebøker og tinglysingsdokument som gjev rammene for deira liv.