Anmeldelser
LENGT: Utgangspunktet for denne boka er lengten etter eit annleis liv i Andens kraft. Det er ein lengt som bør leva i alle kristne
Marco Sete
Lengt etter Andens kraft
Utgangspunktet for denne boka er lengten etter eit annleis liv i Andens kraft. Det er ein lengt som bør leva i alle kristne. Livet har lett for å verta jordvendt og sekularisert, framfor himmelvendt og styrt av Guds ord og Andens kraft. Korleis ein tenkjer at dette skal skje, og kva resultatet vert, vil til ei viss grad vera styrt at eins teologiske tenking og konfesjonelle plassering. Det gjer at når ein les ei slik bok, samstemmer ein i ønskje og intensjon, men ikkje i alt av lære og åndeleg tenking.
Undertittelen til boka er «– lev hverdagen med Den Hellige Ånd». Under det perspektivet vert mange sider ved kristentrua og kristenlivet teke opp. Det gjeld heilt fundamentale spørsmål som læra om den treeinige Gud, Jesu person og Andens person og gjerning. Her er det meste av allmennkristen karakter. Det er også ein del om Andens gåver og Andens frukt, og dette er nokså typisk pinsekarismatisk, og med det treff det ikkje alle av oss. Det same gjeld talen om åndsdåp.
Det er også ein del kyrkjehistorisk stoff om Andens gjerning, særleg om teikn og under. Det er stort sett kjent stoff, men det er nokså avgrensa og gir berre eksempel på kva som har skjedd. Det er eit moment eg undrar meg over at bøker av denne typen ikkje går inn i med tanke på aposteltida og oldkyrkja. Både evangelia og apostelgjerningane fortel om teikn og under, sjølv om langt frå alt som skjedde i den tidsperioden det gjeld, er teke med.