Anmeldelser
BIOGRAFI: Framom alt handlar boka om liv og verksemd for Gabriel og Gustava Kielland – både på Finnøy og i Lyngdal.
Bjørn Olav Hammerstad
Lærerikt om misjonsfamilien Kielland
Ekstra spennande er det å lesa om korleis det gjekk til då både Misjonsselskapet og Israelsmisjonen vart skipa i Stavanger.
Det har vore gjevande og lærerikt å lesa biografien om Gabriel Kirsebom Kielland. Og livet hans saman med fru Gustava, fødd Blom.
Kan henda er det ein og annan mellom oss som synest me kjenner Gustava betre enn Gabriel. Sikkert først og fremst avdi ho skreiv den mykje nytta «O jul med din glede». Men også avdi ho er rekna som mor for alle misjonsforeningar, både for kvinner og etter kvart for menn og for blanda grupper.
Finnøy og Lyngdal