Anmeldelser
    
    
        BOKMELDING: I denne boka får vi følgja utviklinga for reindriftssamane, men også sjøsamane med fiskeri og jordbruk og samar med andre næringar, skriv Johannes Kleppa.
        Stian Lysberg Solum
    
    Lærerikt om historia til samane
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Som kjent, er det samiske folket etnisk skilt frå nordmenn, samstundes som folket bur over heile Nordkalotten. Det gjer at den samiske historia ikkje berre gjeld samar i Noreg, men på tvers av nasjonsgrensene i nord.
Det kjem tydeleg fram i denne boka, samstundes som vekta er på «norske» samar. Kva det er å vera same, er del av framstilling.
Det kan vera noko pussig at ei historisk framstilling startar med eit så presis årstal som 1751, men det har sin grunn i at det året vart Lappekodisillen vedteken. Dette er ein avtale som regulerer samane sitt forhold mellom Noreg og Sverige, og som er fundamental i samisk historie, særleg for reindrifta.