Anmeldelser
NOREGSBESØK: John Dickson var på NLA Mediehøgskolen Gimlekollen i Kristiansand og Veritaskonferansen i Grimstad i 2019.
Tore Hjalmar Sævik
Kristne på sitt verste og beste
Historikaren John Dickson trur ærleg tale om mørke sider ved kyrkja kan føre til at fleire får auge på dei lyse.
«Det er vanskeleg å undervise i kyrkjehistorie», sukka ein pensjonert teologiprofessor som eg høyrde tale på eit ungdomsmøte i studietida.
Avstanden mellom ideal og levd liv kan vere smerteleg stor når ein les om tidlegare tiders kristne. Til og med kristne tenkjarar og formidlarar som er høgt respekterte, har hatt sine skuggesider. Det kan vere freistande å dekkje over desse.
Veksande utfordring