Anmeldelser
FORFATTAR: Jørn Øyrehagen Sunde har fått fleire prisar for framifrå formidling, og det er ikkje vanskeleg å forstå etter å ha lese denne boka, skriv Johannes Kleppa.
Sølve Depui Aksnes
Kong Magnus, Landslova og kristen tenking
Det er mange som bør lesa denne boka, særleg politikarar i alle parti og andre som har ansvar for samfunnet vårt.
La det vera sagt med ein gong: Dette er ei svært interessant, opplysande og lærerik bok. Eg kan ikkje hugsa sist eg las noko tilsvarande, i alle fall ikkje av profan sakprosa. Eg vonar difor boka får mange lesarar i ulike lag av folket vårt. Forfattar og forlag fortener stor takk for dette verket. I ei relativ kort bokmelding er det umogleg å få fram alt det interessante og lærerike i boka, men eg skal gje nokre glimt.
I utgangspunktet kunne ein tenkja at ei bok om ei lovbok, altså ei bok om juss, ville vera kjedelege greier. Når det ikkje er slik, har det sin hovudgrunn i innhaldet, men også i framstillinga. Forfattaren, Jørn Øyrehagen Sunde, er professor i rettsvitskap, og det er svært tydeleg at han kan sine ting. Han har fått fleire prisar for framifrå formidling, og det er ikkje vanskeleg å forstå etter å ha lese denne boka. Han skriv dessutan eit uvanleg godt nynorsk.
Hovudpersonen i boka er kong Magnus Lagabøter. Han fekk altså tilnamnet sitt fordi han «bøtte lover», i praksis vil det seia at han fekk laga fleire lovbøker, der Landslova av 1274 er hovudverket. Eg skal ikkje her bruka plass til å presentera dei ulike lovbøkene, men berre understreka at dei alle var rettslege nyvinningar, og dei hadde stor verknad i lang tid. Ei lovbok for Island er faktisk formelt gyldig enda!