Kultur og underholdning
BOKOMSLAG
Efrem
Klimakrise og Olav H. Hauge
Denne vesle boka prøver å kombinera spørsmålet om klimakrise og naturen med Olav H. Hauge og forfattarskapen hans.
Det synest eg berre delvis er vellukka. Tittelen overspelar Hauge sin plass i boka, men han er ikkje heilt misvisande.
Det meste av boka, som må seiast å vera eit essay, handlar om naturen og klimakrisa. I drøftinga av dette vert både naturvitskap, filosofi, religion og ulike forfattarar dregne inn – inkludert Olav H. Hauge. Det som står om dette, er greit, om enn ikkje svært originalt.
For min del var det klart mest interessante kapitlet «Ser me naturi?» – om Olav H. Hauge. Her møter vi forfattaren Hauge i møte med naturen, og ikkje minst kombinasjonen av Hauge som diktar og gartnar og med det trea. Her er det sjølvsagt referert mange dikt, men også ein god del frå dagbøkene hans, som det delvis er gjort også i andre kapittel. «Natursida» ved Hauge kjem her fint fram.