PRISVINNAR. Jon Fosse får prise for nobelfordraget sitt.
        Foto Jonas Ekströmer/TT / NTB
    
    Jon Fosse får pris for talen der han takka Gud
    Nobelprisvinnaren seier han har halde éin tale i livet, og den grudde han seg for. 
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    7. desember i fjor tok imot Jon Fosse (65) Nobelprisen i litteratur. Talen han held ved mottakkinga – nobelforedraget – vekte oppsikt og blir no løna med prisen for «Årets tale». Bak prisen står organisasjonen «Ta ordet!» 
I grunngjevinga for prisen heiter det at talen er suveren – likefram og utan ornamentikk:
«Han er nedskriven og lest høgt, men me kjenner att stemma til talaren. Han er stramt komponert, men har likevel ein naturleg, nesten kvardagsleg, tone.»