For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Anmeldelser

HOLOCAUST: Navneveggen ved Yad Vashem i Jerusalem viser bilder av 600 av holocaustofrene.

Jødehat – ei plage me ikkje blir kvitt

Publisert Sist oppdatert

Ein skulle kanskje tru og håpa at ei bok om dette emnet måtte vera tynn og med få sider. For antisemittismen forsvann vel stort sett etter Holocaust, både i Noreg og Europa elles, og den heile verda!? Ja, gid det var så vel. Ikkje at eg fekk ei tynn bok i hendene! Men at antisemittismen forsvann. Forlaget grip også fatt i denne tanken på baksida av boka, og peikar på at så ikkje skjedde. Dette fenomenet har overlevd først og fremst i ekstreme miljø, og eit godt stykke på veg også hjå folk flest.

Nyare undersøkingar frå HL-senteret syner oss også dette. Slik sett er det ikkje overraskande at me får ei rimeleg tjukk bok i hendene. Det vil seia – ho kunne nok vore mykje tjukkare, om alt skulle vore tatt med. Og endå snakkar me berre om Noreg!

Forfattaren (fødd 1981) har doktorgrad i historie, og arbeider for tida som forskar ved Jødisk Museum i Oslo. Spesialfelta hans er nettopp antisemittisme-, nasjonalsosialisme- og okkupasjonshistorie. I 2021 mottok Kjetil Braut Simonsen Sverre Steen-prisen for framifrå formidling av historie på høgt fagleg nivå.

Powered by Labrador CMS