Anmeldelser
JÆREN: Boresanden i Klepp på Jæren.
Cornelius Poppe
Jæren og Yorkshire: Borte bra, heime best
Forfattaren Helge Torvund (fødd 1951) frå Jæren har i årtier forelska seg i det gamle grevskapet Yorkshire i nordre del av England. York er «hovudstaden» i grevskapet.
Her har han vore på mange reiser, åleine eller saman med andre. Han har funne mangt og mykje som på den eine sida er likt det han opplever i heimetraktene på Jæren. Men også eit og anna som er annleis. Begge deler fascinerer han.
Og no sette han seg føre å skriva om alt dette. Eg er litt i tvil om han vil vera samd i det som står i overskrifta – borte bra, heime best. Slik han skriv, ser det mest ut som at han er like glad i begge deler!