Anmeldelser
SKREKKENS HUS: Historikar og forfattar Vegard Sæther har dukka ned i ei uhorveleg mengde kjelder som handlar om dette skrekkens hus, Møllergata 19 (foto), skriv Paul Odland.
Marit Rasmussen / NTB
Innsyn i Gestapo sitt skrekkabinett
Tenkjer ein andre verdskrig i Noreg og høyrer adressa Møllergata 19, er det meir enn nok til å få gysingar. Adressa er ein ting, men bygningen og kva som gjekk føre seg på innsida i desse fem tunge åra, noko heilt anna!
Historikar og forfattar Vegard Sæther har dukka ned i ei uhorveleg mengde kjelder som handlar om dette skrekkens hus, det tyske tryggleikspolitiet sitt frykta sentralfengsel, eller skrekkabinett som det også er kalla – midt i Oslo sentrum; akkurat ved Youngstorget.
Mange norske byar og stader har sine skrekkens hus, der det gjekk føre seg tortur og avhøyr og forferdelege ting, vilkårlege arrestasjonar, endåtil sterkt skadde fangar som vart overlatne til seg sjølv, ja drap – og sjølvmord, men også ein og annan som klarte å flykta.