For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Anmeldelser

SOLID INNFØRING: «Ei solid innføring i bodskapen i Efeserbrevet», skriv Johannes Kleppa.

Gode andaktar frå Efeserbrevet

Publisert Sist oppdatert

Denne boka er ein gjennomgang av Efeserbrevet i andaktsform, eller som undertittelen seier det: «40 dager med Efeserbrevet». Det er altså ikkje ein vanleg kommentar til dette brevet, men samstundes er det ei form for innføring i heile brevet. Det er slik sett ei original oppbyggingsbok.

Kvart kapittel er på 3–4 små sider, så det er svært overkommeleg, men ein del lengre enn det som er i ei vanleg andaktsbok. Boka kan sjølvsagt brukast over 40 dagar når som helst på året, men gjerne i fastetida. Så langt eg kan sjå, er det vist til alle versa i brevet, men langt frå likt fordelt på andaktane eller kapitla. Omtrent ein tredel av boka går til kapittel ein, og når vi har kome gjennom kapittel to, er vi over halvvegs i boka.

Boka er enkel i form og språkbruk og ikkje overlest med teologiske faguttrykk eller detaljerte tolkingar av ord og uttrykk i brevet, men det er likevel ei solid innføring i bodskapen i Efeserbrevet. Det er sentralt evangelisk, men også tydeleg etisk. Kurt Hjemdal er ein erfaren forkynnar og sjelesørgjar, og det pregar framstillinga.

Powered by Labrador CMS