Gledeleg nøytral jul

Det er dette dei ikkje vil innsjå dei som berre ser skolegudstenestene som forkynning. Dei nektar å innsjå at kristendom og kyrkje og gudsteneste er kultur – ein kultur som har vore dominerande i Noreg i tusen år og har sett avgjerande preg på den norske kulturutviklinga.

Årvisst er førjulstida prega av kontroverser om julemarkeringar ogskolegudstenester.

Kva kan ein tillate av religiøse tekstar og sermoniar?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Er ikkje julegudstenester forkynning som ikkje høyrer heime i skolen? For ikkje å snakke om julesongar med kristent innhald.

Foreldre ved Ekholt skole i Rygge vart oppmoda om ikkje å nytte ordet «jul» i samband med at dei bad om å få arrangere ein julelunsj i desember. Vinter- eller desemberlunsj ville vere å føretrekkje. Grunngjevinga var at ordet «jul» kunne verke diskriminerande på dei som ikkje fleira jul.

Skolegudstenestene i kyrkjenefør jul er under press. Fleire skolar går bort frå denne tradisjonen. Det vekte til dømes stor merksemd at alle skolane på Voss i fellesskap bestemte seg for ikkje å ta del i den tradisjonelle julegudstenesta i kyrkja. Men framleis vil det store fleirtalet av skolar i landet ta del i julegudstenester før jul. I det fleirkulturelle Oslo gjeld det 9 av 10 skolar.

Ein bør merke seg at det ikkjemuslimar som protesterer mot skolegudstenestene – sjølv om dei paradoksalt nok gjerne får skulda. I første rekkje er dethumanetikarar – og dei politisk korrekte som ikkje vil støyte dei som ikkje fleirar jul.

Problemet medjulesongarog julegudstenester er ifølgje kritikarane at dei erforkynning – og forkynning har ingenting i skulen å gjere. Julemarkeringane i skolen må vere mest mogleg nøytrale. Men dette er ei svært snever oppfatning av kva det heile handlar om.

I ein artikkel i Dagbladet skriv Inger Merete Hobbelstad at julegudstenestene er nyttig danning. Å ta del i julegudstenester – og syngje julesongar for den del – handlar om kulturell kompetanse, om kulturell danning. «Kristendommen er fremdeles majoritetsreligionen her til lands», hevdar Hobbelstad, «og de som bor her, uavhengig av hva de selv tror, vil nesten garantert havne i situasjoner der det er en barnedåp, et bryllup eller en begravelse de gjerne vil være til stede i. For nordmenn, samme hva bakgrunnen deres er, er det nyttig å kjenne gangen i en gudstjeneste og hvordan man ter seg i en kirke.»

Det er dette dei ikkje vil innsjå dei som berre ser skolegudstenestene som forkynning. Dei nektar å innsjå at kristendom og kyrkje og gudsteneste er kultur – ein kultur som har vore dominerande i Noreg i tusen år og har sett avgjerande preg på den norske kulturutviklinga.

Men det er ikkje berre i skolen at julemarkeringar har vorte eit problem. Også i politiske fora kan det oppstå vanskar. I kommunestyret i Molde skulle dei folkevalde syngje «Deilig er jorden» som allsong før dei gjekk frå kvarandre før jul. Men dei tre representantane frå SV nekta å vere med på å syngje den kristne julesongen og forlet kommunestyresalen i protest. Det passar ikkje med forkynnande julesongar i etterkant av eit kommunestyremøte, var forklaringa.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den antireligiøse haldninga som ikkje vil at skoleelevar skal gå på julegudsteneste eller kommunestyrerepresentantar syngje julesongar er uttrykk for ein angst for det religiøse. Religion er noko vi ikkje vil ta i, noko som ikkje høyrer heime i det offentlege rommet. Der må vi sleppe alt som har med kristne songar, tekstar og sermoniar å gjere.

Denne typen kontroversar syner eit samfunn som faretrugande er på veg mot identitetsløyse. Viss vi viskar ut alt som kan vitne om felles tradisjonar og kultur blir vi til slutt identitetslause. Å ville fjerne alt som vi kan tenkje oss nokon bli støytte av, er eit misforstått svar på det fleirkulturelle samfunnet.

Den nøytrale julefeiringa finst sjølvsagt ikkje.

 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.