Anmeldelser
GESTAPO: Gerhard Ernst Flesch (1909–1948) har vorte karakterisert som Gestapo sin farlegaste mann i Noreg, skriv Paul Odland.
NTB
Gestapo sin farlegaste mann i Noreg
Det er god grunn til at både forfattaren – og alle me som les boka – spør oss: Kven var Gerhard Flesch? Kvifor og korleis kunne han verta ein av Noreg sine største krigsforbrytarar?
Gerhard Ernst Flesch (1909–1948) har vorte karakterisert som Gestapo sin farlegaste mann i Noreg. Professor emeritus Tor Busch (fødd 1945) har gått han etter i saumane, og skrive bok om kven han var, korleis han var, både då han var i teneste innan naziregimet i Tyskland, og etter at han kom til Noreg. Først om lag eit år i Bergen, og deretter i Trondheim og Midt-Noreg frå 1941 av.
Hovuddelen av Busch si framstilling handlar om rettsgrunnlaget og kva Flesch til sist vart tiltalt og dømt for. Rett etter at fridomen kom til Noreg 8. mai 1945, vart Flesch arrestert, og deretter kom ein lang periode med etterforsking, og domfelling, som igjen vart anka, og så handsama på nytt – inntil dommen både vart endegyldig og ekspedert. Flesch vart avretta 28. februar 1948.
Hardbarka torturist