| Bokanmeldelse
Forlaget Aschehoug kristnar påska
Kunst som dette har livsforvandlande kraft.
GUIDE: Ei bok som leier deg gjennom påska på potensielt livsforvandlande vis.
David Einan / Aschehoug
Du treng ikkje vera kunstinteressert. Du treng ikkje vera høgkulturell. Du treng ingen forkunnskapar. Dette er ei bok du heilt enkelt kan komma til fordi du berre vil ha noko meir varig enn alle flyktige ver- og løypemeldingar, i vid forstand, som kan ta litt overhand no i påsketida.
Likevel; «Påskens forteljing i kunsten- Mysteriet og håpet» er så absolutt ei kunstbok der forfattar og kunsthistorikar Kristine T. G. Hardeberg, auser av si rikhaldige kunnskap. Poenget er berre at det ikkje er eit djupdykk for spesielt interesserte.
Nettopp difor kan ein bli svært håpefull av at Aschehoug gir ut denne bokperla, som er ein oppfølgjar til «Julens forteljing i kunsten» som same forfattar gav ut i 2024, men da på eget forlag.