Anmeldelser
MOTSTANDSMANN: Johnnes Sandvik var ein svært aktiv motstandsmann under andre verdskrigen, og sat i lengre tid i tysk fangenskap, skriv Johannes Kleppa.
Adobe Stock
Ferjekaimann og motstandsmann
Vi som i nokre tiår har brukt å ta ferje mellom Sandvikvåg og Halhjem, hugsar ein entusiastisk ferjekaimann på Sandvikvåg. Han dreiv også butikk der. Ingen kunne la vera å leggja merke til mannen, og la seg imponera av han.
Det eg ikkje visst då, men som eg veit no, er at mannen var ein svært aktiv motstandsmann under andre verdskrigen, og sat i lengre tid i tysk fangenskap, inkludert i konsentrasjonsleir i Tyskland. Før han busette seg med familien på kaien i Sandvikvåg, dreiv han både på sjø og land, og med traktor og andre køyretøy. Han var i det heile ein aktiv mann, og alt han gjorde var prega av hans kristne tru. Bibelen var med over alt.
Krigsinnsatsen starta med at han var med i kampane i Valdres våren 1940, og held fram med diverse illegalt arbeid, særleg frakting av folk, våpen og ammunisjon med skøyta si. Det skjedde i nær kontakt med tyskarar, sidan tyskarane bygde eit stort forsvarsverk på Osterneset, ikkje langt frå der han budde. Det enda med at han vart avslørt, arrester og torturert, men han overlevde fangenskapet.