BOY GEORGE: Den britiske artisten syng om 7. oktober i ny låt. Her frå ein festival i Texas i 2022.
Amy Harris / AP / NTB
Får slakt for pro-israelsk låt: – Du seier folkemord, eg seier krig
Artisten Boy George har sparka plateselskapet sitt etter at dei skal ha nekta å gi ut låta «We will dance».
Det stormar rundt den britiske Culture Club-vokalisten om dagen.
«Du seier folkemord, eg seier krig» syng han i den ferske låta «We will Dance Again» som han delte i sosiale medium 26. juli.
Der tek han eit tydeleg oppgjer med angrepa mot Israel 7. oktober og kritiserer musikarar som han meiner viser einsidig støtte til Palestina.