HUSVARM: Etter å ha kome til Ryfylke i vinter kjenner Solveig Leithaug seg stadig meir heime på Jørpeland.
Tore Hjalmar Sævik
– Fantastisk å vere tilbake i Noreg
Solveig Leithaug opplever at ho er i gang med ein givande etappe som musikalsk leiar i Jørpeland kyrkje.
Det opne, mjuke landskapet i Ryfylke er blitt den nye heimebana til artisten.
– Eg har ikkje så lang erfaring med orgelspeling, men no hoppa eg uti det, så eg kjøpte meg orgelsko, fortel Leithaug.
Ho er gjest i den nyaste utgåva av Dagen-podkasten Tore og Tarjei. Opptaket er gjort i Jørpeland kyrkje der ho starta som musikalsk leiar i vinter.