Anmeldelser
CAROLINE SERCK-HANSSEN: Fra lanseringen av boken «Den ortodokse kirke» i Litteraturhuset i Oslo, september 2021.
Julia A. Kar
Eit storverk om Den ortodokse kyrkja
Endeleg har me fått ei innføringsbok i Den ortodokse kyrkjas rike liv og historie sett frå innsida.
Mitt første møte med ein liturgi i Den ortodokse kyrkja fann stad i 2008. Eg vart slått i bakken av alt det vakre eg fekk vera med på. Men kunnskapsnivået var det så som så med. Eg var henvist til engelske bøker, nettsider og podkastar. På norsk fanst det ikkje ei einaste ortodoks introduksjonsbok! Under lanseringa av boka «Den ortodokse kirke» på Litteraturhuset i Oslo sa då også forfattar Caroline Serck-Hanssen at ho har skrive boka ho sjølv skulle ønska fanst då ho først møtte kyrkja som 15-åring.
Det skal rett nok vera ein ganske oppegåande 15-åring som gjev seg i kast med denne boka. Noko av ambisjonsnivået anar ein så fort ein les undertittelen; «Historie, lære, trosliv». Å skulla samanfatta alt som er å seia om desse tre disiplinane i løpet av 2.000 år med historie, er inga lita utfordring. Likevel har forfattaren greidd å løysa oppgåva på berre 350 sider! Noko av forklaringa er at Serck-Hanssen har ei uvanleg evne til å formulera kompliserte ting på ein presis måte.
Ikkje eit unødvendig ord