Anmeldelser
ØSTBY: David Østby er aktuell med boka «Den Gud jeg tilhører og tjener».
Herman Frantzen
Eit nytt åndeleg testament frå David Østby
David Østby er ein klassisk pinsevenn, men eg som er ein klassisk lutheranar, les som om det er mitt eige!
David Østby har etter kvart skrive mange bøker, særleg etter at han vart ein eldre mann. For eit par år sidan melde eg ei bok av han, og skreiv at det gjerne kunne verta hans åndelege testament, både ut frå innhaldet og ut frå alderen hans. Det same kan eg seia om denne boka, men det må gjerne koma fleire!
Dette er ei bok som spenner nokså vidt, og slik sett er vanskeleg å definera tydelege. Det som går som ein raud tråd gjennom boka, er kven Gud er og korleis vi føreheld oss til han.
Det gjeld med andre ord gudsbiletet og trua vår. Det har fått ei lettfatteleg, men solid framstilling. Teksten er svært bibelnær med uvanleg mange bibelsitat. Det er ikkje ei kunstig opphoping av bibelord, men heile tida sakssvarande tekstar.