For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Anmeldelser

BOK: Det meste av handlinga går føre seg på Korsika på 1800-talet, skriv Johannes Kleppa.

Ein underleg roman

Publisert Sist oppdatert

Dette er både ein underleg og særmerkt roman, både etter sitt innhald og etter si oppbygging. På omslaget vert det sagt at romanen har eit «originalt persongalleri», og det stemmer. Det meste av handlinga går føre seg på Korsika på 1800-talet. Forfattaren er både skjønnlitterær skribent, dramatikar og filmskapar. Det er tydeleg at han kan handverket sitt. Dette er ein uvanleg kort roman, og lett å lesa.

Sentralt i forteljinga står ein gamal og litt forkommen prest, men i skriftmål og samtale viser det seg at han både har menneskekunnskap, åndeleg innsikt og evangelisk forståing. Hovudpersonane elles er ei jente og ein gut som i tenåringsalderen hadde eit seksuelt forhold over tid. Ho var vansira i andletet, slik at ho var lite tiltrekkande. Frå ei side sett utnytta guten henne, men frå ei anna side sett var ho med på det og likte det.

Ho vart i bygda, og levde i fattigdom. Han reiste som 17-åring til Venezuela, der han arbeidde seg opp økonomisk og stifta familie. Han fekk fleire barn, men han var nok hard med kona. Ho hadde ofte vonde draumar, særleg om eit barn som ropte.

Powered by Labrador CMS