| Kultur
Ein gigant i den nynorske litteraturhistoria
OLAV NYGARD: Dikteren Olav Nygard (1884–1924). Han fikk utgitt fire diktsamlinger, han skrev på nynorsk.
Ukjent / NTB
Då Olav Nygard gjekk bort i februar 1924, knapt 40 år gamal, vart han hylla av dei få som ein av heltane mellom nynorsk-lyrikarane, ein fornyar av det nyutvikla nynorske språket og ein føregangsmann i målreisingsarbeidet, men av den store allmugen var han oversett, ukjend og gløymd.
Han var fødd i Modalen i Hordaland og budde mesteparten av livet i nærleiken av Bergen, men flytte i 1922 til Oslo, der han busette seg med kone og ein son i eit lite husvære på Ulsrud, der han også døydde. Ved gravferda frå Østre Aker kirke var i underkant av 20 personar til stades, og diktverka hans var det på den tida heller få som hadde kjøpt og lese.
Likevel blir han i dag rekna som ein av dei store lyrikarane på nynorsk mark, saman med mellom andre Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg, Olav Aukrust, Tore Ørjasæter, Olav H. Hauge og Jon Fosse. Professor Ronny Spaans har ved hundreårsminnet for hans død gitt oss eit monumentalt verk om diktarhovdingen, der han skildrar Olav Nygards dikting og livssoge som to sider av same sak. Han har funne mange nye dagboknotat, brev og bokmeldingar som han har tatt med i framstillinga.