Anmeldelser
SOGNEFJORDEN: På biletet ser vi Undredal ved Sognefjorden.
Vidar Knai/NTB
Ein gedigen reisemeny av fjordlandskap
Den siste tida har det komme mange bøker som tilskundar oss til å reisa og feriera langs den lange og vakre kysten vår. Eg nemner tre aktuelle som kom ut i fjor: Espen A. Jacobsen si «Kystferie i Norge» (Vigmostad Bjørke 2021), Halvor Folgerø si bok «Vestlandsvegar» (Samlaget 2021), og Pål Hermansen si bok «Vestlandet» (Skald 2021).
Meir optimisme
Alle tre kom ut medan me endå var inn i pandemien, og ikkje hadde løyve til å reisa særleg mykje! Men kan henda bøkene vekte både lyst og lengt hjå lesaren!? Innan turistnæringa er det i alle fall mykje meir optimisme no i år enn det har vore dei siste åra, både langs kysten og i landet elles. Men me er nok ikkje attende til same nivået som me var før pandemien.